Palestina, folkeretten og oljefondet

Den israelske okkupasjonen av "palestinske område"

I 1947 slo FN fast at Vestbreidda, Aust-Jerusalem og Gazastripa er palestinsk territorium. Under seksdagarskrigen i 1967 erobra Israel Gazastripa og Sinai-ørkenen frå Egypt, Vestbreidda og Aust-Jerusalem frå Jordan og delar av Golanhøgdene frå Syria. Tryggingsrådet i FN vedtok resolusjon 242 som kravde at Israel trekte seg tilbake frå okkuperte område. Etter fredsavtalen mellom Egypt og Israel i 1979 kom Sinai på ny under egyptisk styre frå 1982. Golanhøgdene derimot blei annektert av Israel i 1981. Anneksjonen blei godkjent av USA i 2019, trass i at Tryggingsrådet kallar Israels okkupasjon der folkerettsstridig.[1]

"Dei okkuperte palestinske områda» er FN’s fellesnemning på Gazastripa og Vestbreidda. Frå palestinsk synspunkt er Israel oppretta på palestinsk land, og heile Israel bør derfor oppfattast som okkupert palestinsk område. Det FN-definerte okkuperte området omfattar berre 22 % av det historiske Palestina."

Sidan 1967 har Israel, under skiftande regjeringar, oppretta stadig fleire busetjingar med jødiske innbuarar på dei okkuperte områda. I 2005 trekte Israel ut alle styrkar frå Gaza, avvikla alle busetjingar og sette deretter i verk ein blokade av Gaza (2007), etter at Hamas kom til makta der. Blokaden gjeld inn- og utfart for både menneske og varer. FN ser på Gazastripa som stadig under israelsk okkupasjon. Seinare, m.a. i 2008/2009, 2014 og 2021, har Israel gjennomført ei rekkje militæroperasjonar med fleire tusen sivile offer.

Okkupasjonen, FN og folkeretten

FN’s spesialrapportør for menneskerettssituasjonen i dei okkuperte områda (tidlegare og noverande) har konkludert med at okkupasjonen av palestinske område er apartheid. Denne oppfatninga er delt av menneskerettsorganisasjonar som Human Rights Watch, Amnesty International, den israelske B’Tselem og fleire palestinske organisasjonar. Dei meiner israelsk apartheid råkar heile det palestinske folket, inkludert dei som lever i Israel og dei palestinske flyktningane. Fleire av desse instansane og organisasjonane har gått bort frå ei to-system-oppfatning som ser Israel og dei okkuperte områda kvar for seg, og hevdar i staden at Israel opererer eitt enkelt diskriminerings-, okkupasjons- og koloniseringsregime på tvers av denne grensa mellom det «eigentlege» Israel og «dei okkuperte områda».

I folkeretten er okkupasjon ein mellombels tilstand, medan den israelske okkupasjonen av palestinske område i 2025 har vart i (minst) 58 år. Kravet frå tryggingsrådet i 1967 om tilbaketrekking talar for at okkupasjonen var ulovleg alt i 1967. Etter nesten 60 år må den i alle fall vere folkerettsstridig, og kva folkerettslege plikter har då medlemslanda i FN? Sjølv ein lovleg okkupant har plikter etter folkeretten. Internasjonal lov forbyr tileigning av territorium med makt og slår fast at alle folk har rett til sjølvstyre (self-determination), òg dei som lever under okkupasjon. Okkupasjonsmakta har plikt til å verne sivilbefolkninga og menneskerettane deira. Okkupanten har ikkje lov til å stele land eller busetje eiga befolkning på okkupert område. Dette har Tryggingsrådet slått fast fleire gonger, m.a. i resolusjon 2334 (2016). I 2005 slo Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) fast at muren på Vestbreidda braut med folkeretten.

I desember 2022 vedtok generalforsamlinga i FN at Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) skulle vurdere dei juridiske konsekvensane av den israelske okkupasjonspolitikken i dei okkuperte områda: Gazastripa og Vestbreidda, inkludert Aust-Jerusalem. ICJ kom med si «rettleiande fråsegn» i juli 2024. Den slo fast at retten til sjølvstyre (self-determination) er ei absolutt og ufråvikeleg norm som er grunnleggjande for den internasjonale rettsordenen, og som gjev opphav til plikter for alle statar. Den slo fast at Israels nærvær på alle delar av dei okkuperte palestinske områda er ulovleg. Og den slo fast at det omfattande systemet av restriksjonar som er påført palestinarar er diskriminering basert på rase og i strid med konvensjonen mot rasemessig segregering og apartheid. Israel blei pålagt å avslutte okkupasjonen, evakuere busetjarane og reparere all skade som er gjort.

ICJ slo fast at alle statar er forplikta til å ikkje anerkjenne Israels nærvær i dei okkuperte områda, ikkje å hjelpe eller assistere Israels nærvær i dei okkuperte områda og å kollektivt arbeide for å få ein slutt på Israels ulovlege okkupasjon.[2]

Ns hovudforsamling vedtok i 2024 at alle statar m.a. må ta steg for å stoppe handel og investeringar som bidrar til å halde ved like den ulovlege tilstanden skapt av Israel på okkupert palestinsk område.[3]

Israels krig på Gaza og folkemordkonvensjonen

Israels krig på Gazastripa etter Hamas-åtaket i oktober 2023 leidde til at Sør-Afrika i desember same året gjekk til sak mot landet ved ICJ for brot på folkemordkonvensjonen. ICJ slo i januar 2024 fast at det var ein risiko for krenking av rettigheitene etter folkemordkonvensjonen.

16. september 2025 sa FN’s uavhengige granskingskommisjon for dei okkuperte palestinske områda at Israel har gjort fire av fem handlingar som er definerte som folkemord. Menneskerettsorganisasjonar, det store fleirtalet av folkemordforskarar og FN’s spesialrapportør er mellom dei som har kome til same konklusjon.

Noreg og dei andre statspartane til folkemordkonvensjonen er forplikta til å hindre folkemord. Utanriksdepartementet har vurdert det slik at «Norges posisjon overfor Israel er av en karakter som rettslig sett ikke tilsier en spesielt streng aktsomhetsplikt for Norge». Likevel må det forventast, heiter det vidare, at Noreg «innenfor vår kontrollsfære, motvirker aktiviteter som støtter opp om et potensielt folkemord». Ut over Noregs folkerettslege plikter nemner UD nokre aktuelle tiltak og verkty som bør og kan gjennomførast. 7. mars 2024 frårådde regjeringa handel og næringsverksemd med israelske busetjingar. UD framhevar dessutan at Noreg har ein omfattende og streng kontroll av eksport av forsvarsmateriell og at det er dialog med selskap med statleg eigarandel om aktsomheitsvurderingar knytt til humanitærretten. Endeleg framhevar UD at det er eit godt etisk rammeverk for Statens pensjonsfond utland.[4]

Oljefondet og dei etiske retningslinjene

Finansdepartementet har fastsett etisk motiverte retningslinjer for observasjon og utelukking frå Statens pensjonsfond utland (Oljefondet). Formålet med retningslinjene er å unngå at fondet er investert i selskap som forårsakar eller medverkar til alvorlege krenkingar av grunnleggjande etiske normer. Retningslinjene gjeld for arbeidet i Etikkrådet for Oljefondet.[5]

Kriteria for observasjon og utelukking er både produkt- og åtferdsbaserte. I vår samanheng er det særleg dei åtferdsbaserte kriteria som har vore aktuelle, og av desse igjen dei tre fyrste undergruppene: «Observasjon eller utelukkelse kan besluttes for selskaper der det er en uakseptabel risiko for at selskapet medvirker til eller selv er ansvarlig for: a) grove eller systematiske krenkelser av menneskerettighetene b) alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig og konfliktsituasjoner c) salg av våpen til stater i væpnede konflikter som benytter våpnene på måter som utgjør alvorlige og systematiske brudd på folkerettens regler for stridighetene».[6]

Graver-utvalet (2003) og Mestad-utvalet (2020) la premissa for dei etiske retningslinjene. Sverdrup-utvalet (2022) konkluderte med at retningslinjene var som dei burde vere, men at auka geopolitisk uro ville leggje press på handteringa av dei. Slik har det vore ei skjerping og presisering av retningslinjene, med strengare krav til aktsomheitsvurderingar. Rapporten til Historikere for Palestina i juni 2025 avdekte likevel at Israels internasjonalt fordømte brotsverk på Gazastripa ikkje synest å ha fått verken Etikkrådet, Finansdepartementet eller Noregs Bank til å fokusere merksemda og intensivere undersøkingane. Er retningslinjene då gode nok, eller manglar det fyrst og fremst ei grunnleggjande forståing av Israels karakter og konfliktens natur?

Den norske regjeringa har vore mellom dei skarpaste europeiske kritikarane av Israel og ein pådrivar for å anerkjenne palestinske rettar. Men regjeringa har halde fast på at det er ICJ som må avgjere om det som skjer på Gaza er folkemord. Det vil ta fleire år før ICJ kjem til eit resultat i det spørsmålet. Paradokset er då at folkemordkonvensjonen forpliktar til å hindre folkemord, men at vi må vente til folkemordet er over for å vite om vi har plikter etter folkemordkonvensjonen. Diskusjonen om «folkemord» har òg tent til å leie merksemda bort frå den folkerettsstridige okkupasjonen. Den kan snart feire 60-årsjubileum fordi Israel aldri har møtt internasjonal motstand, anna enn resolusjonar, for sin koloniserings-, okkupasjons- og apartheidpolitikk overfor palestinarane.[7]

Fotnoter


  1. Golanhøydene (Syria og Israel), fn.no, 17.03.2025. ↩︎

  2. Sjå m.a. Guardian, 25. mai 2025; Legal Memorandum on the UK’s Obligations Under International Law in the Occupied Palestinian Territory, mai 2025; https://forsvarfolkeretten.no/2024/11/03/tredjestaters-plikter-i-ulovlig-okkuperte-omrader-betydningen-av-den-internasjonale-domstolens-radgivende-uttalelse-i-palestinasaken/. ↩︎

  3. UNGA, Resolution ES-10/24. ↩︎

  4. Gjennomgang av Norges forpliktelser i lys av Sør-Afrikas sak mot Israel - regjeringen.no ↩︎

  5. Sjå NOU 2003: 22 Graver-utvalet (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2003-22/id118914/?ch=1); NOU 2020: 7  Mestad-utvalet (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2020-7/id2706536/?ch=1); NOU 2022: 12 Sverdrup-utvalet (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2022-12/id2928618/). ↩︎

  6. https://lovdata.no/dokument/INS/forskrift/2014-12-18-1793?q=retningslinjer+++pensjonsfond+++utland. ↩︎

  7. Ved sida av dei refererte kjeldene, sjå m.a. FN-Sambandet: Palestina (fn.no, 08.09.2025) og Er Israels okkupasjon lovlig? FN’s domstol tar stilling (fn.no, 04.03.2024). ↩︎