Bank Hapoalim BM
Banken er ein av dei største bankane i Israel. Bank Hapoalim B.M. blei etablert i 1921 av organisasjonane Zionist Histadrut og Histadrut General Federation of Hebrew Workers.
Per 31.12 2024 hadde Oljefondet ein eigarskap på 1.39% verdsett til 2 525 595 279 kroner. Ei rekkje institusjonar og organisasjonar har peika på at banken er involvert i okkuperte område, og fleire fond har trekt ut sine investeringar.
Vurderingar frå FN, samt ulike selskap og investeringsfond
I ein rapport frå FNs høgkommissær for menneskerettar frå 30. juni 2023 er Bank Hapoalim inkludert i kategorien «Business enterprises involved in listed activities» fordi dei er involvert i okkuperte område på følgande måte:1) levering av tenester og verktøy som støttar vedlikehald og eksistens av busetnader (inkl. transport); 2) bank- og finansverksemd som bidrar til å utvikle, utvide eller oppretthalde busetnader (inkl. lån); 3) bruk av naturressursar til forretningsformål.
Fleire selskap og investeringsfond har trekt ut sin investeringar av banken eller vurdert banken som utelukka frå investeringar. Rapporten frå «Don’t buy into occupation” (2024) skriv bl.a. at det franske bank- og forsikringsselskapet AXA har trekt ut sine investeringar. Bank Hapoalim inngår også som ein av seks bankar som det statlege «Ireland Strategic Investment Fund» i april 2024 annonserte at dei trekker seg ut av pga. aktivitetar i okkuperte palestinske område. I juni 2021 inkluderte KLP Bank Hapoalim på lista over selskap ein utelukkar frå investeringar, og banken står også på ei tilsvarande liste hjå Storebrand. Andre selskap som tidlegare har ekskludert banken frå sine porteføljar er bl.a. det nederlandske pensjonsfondet ABP, det danske pensjonsfondet Sampension og den svenske banken SEB.
Døme på konkret involvering i okkuperte område
Nettstaden «whoprofits.org» trekker fram fleire konkrete døme på at Hapoalim Bank finansierer ulike prosjekt i okkuperte område:
- I mars og august 2024 ga Hasid Brothers Building Contracting Co. to lån for bygging av 54 bustadeiningar i eit område på omlag 5333 kvadratmeter i busetnadsområdet Gilo i det okkuperte Aust-Jerusalem.
- I desember 2023 ga banken Boneich Construction Development & Investment Ltd. eit lån for bygging av eit bustadprosjekt i busetnaden Efrat på landområde som høyrer til den palestinske landsbyen Artas.
- I november 2023 ga Bank Hapoalim fem lån til tre byggefirma for eit utviklingsprosjekt på 14 tomter i industrisonen Ariel West på landområde som høyrer til den palestinske byen Salafit.
- I mai 2023 ga banken Shriki Group Enterprises & Construction Ltd. eit lån på 800 millioner NIS for bygging av to tomter med ein total storleik på 15 978 kvadratmeter i busetnaden Zufim, på landområde som høyrer til den palestinske landsbyen Jayyus. Prosjektet er ein del av plan 149/11/2 for bygging av bustad- og næringsområde og offentlege busetnader på jordbrukslanda til Jayyus og den palestinske byen Azzun.
- Nettstaden skriv også at banken har gjeve lån til andre byggeselskap som er aktive i okkuperte område.
Av tidlegare konkrete aktivitetar nemner kartleggingsprosjektet «Investigate» til kveker-organisasjonen «The American Friends Service Committee», dessutan at banken bl.a. leia eit konsortium av finansinstitusjonar som finansierte ekspansjonen av «Jerusalem Light Rail» som går gjennom okkuperte område og koplar ulovlege busetnader i Aust-Jerusalem til den vesteleg delen av byen. Det finansierte også i følgje «Investigate» selskapet «Superbus» sine bussruter til okkuperte område på Vestbreidda, samt ein vindmølle-park på Golan-høgda. Bank Hapoalim driv dessutan filialar i ulovlege busetnader på Vestbreidda og Golan-høgda.
Bankens aktivitetar i relasjon til retningslinene for Oljefondet
Den mest relevante paragrafen i Oljefondets retningsliner er her § 4a og § 4b:
Observasjon eller utelukkelse kan besluttes for selskaper der det er en uakseptabel risiko for at selskapet medvirker til eller selv er ansvarlig for: a. grove eller systematiske krenkelser av menneskerettighetene b. alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner
Etikkrådet skriv om sine fortolkingar av paragrafane i ulike dokument, bl.a. i brev til Noregs Bank av 19.12.2024, der dei rår banken til å trekke ut investeringane i selskapet «Paz Retail and Energy Ltd». I brevet visast det til tidlegare tilfelle der rådet har anbefalt de-investering i israelske selskap:
I tidligere saker har Etikkrådet blant annet lagt vekt på om selskapenes aktivitet har betydning for at normbruddet skal kunne finne sted, og sannsynligheten for at selskapenes aktivitet eller tilknytning som kan danne grunnlag for utelukkelse, vil vedvare. Rådet har lagt vekt på om selskapenes bidrag er sporadiske eller om de har en permanent tilstedeværelse i det okkuperte området, samt om selskapene produserer og selger rent generiske produkter, eller om det er produkter eller tjenester som er spesielt tilpasset bruk i området.
I vurderinga av Paz skriv rådet vidare at:
I tråd med praksis i tidligere saker legger Etikkrådet bl.a. vekt på om Paz’ virksomhet har betydning for opprettholdelsen av bosettingene utover å dekke grunnleggende behov, og at selskapet har en permanent tilstedeværelse i området.
Paz eig og driv bensinstasjonar i ni israelske busetnader på Vestbreidda og forsyner busetnadene med drivstoff. Rådet konkluderer med at:
Ved å drive infrastruktur for leveranse av drivstoff til israelske bosettinger, medvirker Paz til at bosettingene opprettholdes. Bosettingene er etablert i strid med folkeretten, og deres opprettholdelse utgjør et pågående folkerettsbrudd. Etikkrådet anser derfor at Paz medvirker til folkerettsbrudd på en måte som gir grunnlag for å anbefale at selskapet utelukkes fra SPU. Det er videre ingen indikasjoner på at Paz’ virksomhet vil opphøre. Etikkrådet anser derfor at den framtidige risikoen for at selskapet medvirker til grove normbrudd, er uakseptabel. På bakgrunn av det overstående anser Etikkrådet at Paz bør utelukkes fra SPUs innvesteringer.
Når det gjeld Bank Hapoalim BM, så finansierer banken altså som vist over, byggjeprosjekt og utvikling av infrastruktur i okkuperte område. Banken bidrar dermed på ein svært direkte måte til at dei ulovlege busetnadene ikkje bare blir oppretthalde, men også utvida. Informasjonen som ligg føre, gjev også grunn til å konkludere med at verksemda er permanent. Det er derfor vanskeleg å sjå at bankens verksemd, skal kunne oppfattast som meir akseptabel enn det å drive infrastruktur for leveranse av drivstoff til israelske busetnader (jfr grunngjevinga for de-investeringa i Paz).
Det er i denne samanhengen også verdt å merke seg FNs høgkommisærs rapport “Israeli settlements in the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem, and in the occupied Syrian Golan” (A/HRC/58/73) frå mars 2025 (altså gjett ut etter Etikkrådets vurdering over). Rapporten viser til at dei illegale busetnadene har blitt utvida og at overgrep mot palestinarane i dei okkuperte områda har blitt ytterlegare forsterka i perioden kartlegginga er utført (1. november 2023 til 31. oktober 2024). Rapporten peikar på at den auka overføringa av makt over det okkuperte palestinske territoriet til den sivile regjeringa i Israel legg til rette for konsolidering og utviding av israelske busetnader og tvangsflytting av den palestinske folkesetnaden. Dette har dessutan mogleggjort ei auka integrering av den okkuperte Vestbreidda i staten Israel, og institusjonaliserer i følgje rapporten langvarige mønster av systematisk diskriminering, segregering, undertrykking, dominans, vald og andre umenneskelege handlingar mot det palestinske folket, samt kontroll over dei okkuperte territoria. Rapporten viser også konkret til korleis dei israelske busetnadene stadig er blitt utvida og viser talmateriale over brot på palestinaranes rettar bl.a. gjennom restriksjonar palestinarars rørslefridom og gjennom vald frå busetjarar. Når det gjeld forpliktingane til tredjestatar i denne situasjonen, understrekar rapporten tydeleg den internasjonale domstolen (ICJ) sin rådgjevande uttale av 19. juli 2024 om at “(…) States are under an obligation not to render aid or assistance in maintaining the situation created by the continued presence of Israel in the Occupied Palestinian Territory.”
Det er vanskeleg å konkludere med anna enn at Oljefondet gjennom eigarskap i Bank Hapoalim bryt med rådet frå ICJ. I lys av både dette, Oljefondets retningsliner og Etikkrådets tidlegare argumentasjon, bør Oljefondet trekke seg ut av Bank Hapoalim.
Historisk i Oljefondet (Norges Bank Investment Management)
Litteraturliste
Don’t Buy Into Occupation. (november 2024). Don’t Buy into Occupation IV report. https://dontbuyintooccupation.org/wp-content/uploads/2024/11/2024_DBIO-IV-report.pdf
Etikkrådet, Statens pensjonsfond utland. (19.12.2024). Tilrådning om å utelukke Paz Retail and Energy Ltd fra Statens pensjonsfond utland. Brev til Norges Bank. https://files.nettsteder.regjeringen.no/wpuploads01/sites/275/2025/05/Paz-Retail-and-Energy-NO.pdf
Finansdepartementet, den irske regjeringa (5.4.2024). Minister McGrath notes NTMA confirmation of divestment from certain investments in the Occupied Palestinian Territory. Pressemelding. https://www.gov.ie/en/department-of-finance/press-releases/minister-mcgrath-notes-ntma-confirmation-of-divestment-from-certain-investments-in-the-occupied-palestinian-territory/
FNs høgkommisær for menneskerettar. (18.3.2025). Israeli settlements in the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem, and in the occupied Syrian Golan - Report of the United Nations High Commissioner for Human Rights. https://www.ohchr.org/sites/default/files/documents/hrbodies/hrcouncil/sessions-regular/session58/a-hrc-58-73-infographic-march2025.pdf
FNs høgkommisær for menneskerettar. (30.6.2023). OHCHR update of database of all business enterprises involved in the activities detailed in paragraph 96 of the report of the independent International fact-finding mission to investigate the implications of the Israeli settlements on the civil, political, economic, social and cultural rights of the Palestinian people throughout the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem.https://www.ohchr.org/sites/default/files/documents/hrbodies/hrcouncil/sessions-regular/session31/database-hrc3136/23-06-30-Update-israeli-settlement-opt-database-hrc3136.pdf
Investigate. (U.å). Bank Hapoalim. https://investigate.afsc.org/company/bank-hapoalim
KLP. (juni 2021). Beslutning om å utelukke selskaper med tilknytning til
bosetningene på Vestbredden. https://www.klp.no/om-klp/samfunnsansvar/artikler/derfor-ekskluderer-klp-16-selskaper-etter-fn-rapport/Beslutning%20om%20%C3%A5%20utelukke%20selskaper%20med%20tilknytning%20til%20bosetningene%20p%C3%A5%20Vestbredden.pdf
Norges Bank Investment Management. (31.12.2024). Bank Hapoalim. https://www.nbim.no/no/investeringene/investeringsoversikt/#/2024/investments/equities/2571/Bank%20Hapoalim%20BM
Storebrand. (2024). Storebrand Exclusion List. https://www.storebrand.com/sam/nl/asset-management/sustainability/our-method/exclusions/_/attachment/inline/db66803d-c51c-435f-b04a-f67a2bcd9796:7249f9e1d2c8e7490ae0736d47902e3c7c70ecc8/Exclusions-Q3-2024.pdf
Who Profits. (oppdatert 1.8. 2024). Hapoalim Bank. https://www.whoprofits.org/companies/company/3825

