Bank Leumi Le-Israel BM

Publisert av Sissel Rosland

Bank Leumi er ein av dei største bankane i Israel. Banken blei grunnlagt i London i 1902 knytt til Theodor Herzl sine visjonar om å etablere ei finansiell støtte for drifta av den sionistiske rørsla i Israel.[1] Bankens fyrste filial opna i Jaffa i 1903.Ved etableringa av staten Israel i 1948 fungerte Bank Leumi som sentralbank for den nye staten og utstedte bl.a. landets fyrste setlar.

Per 31.12, 2024 hadde Oljefondet ein eigarskap på 0.52%, verd 1 053 642 567 kr.[2] Ei rekkje institusjonar og organisasjonar har peika på at banken er involvert i okkuperte område, og fleire fond har trekt ut sine investeringar.

Vurderingar frå FN, samt ulike selskap og investeringsfond

I ein rapport frå FNs høgkommissær for menneskerettar frå 30. juni 2023 er Bank Leumi inkludert i kategorien "Business enterprises involved in listed activities" fordi dei er involvert i okkuperte område på følgande måte: 1) levering av tenester og verktøy som støttar vedlikehald og eksistens av busetnader (inkl. transport); 2) bank- og finansverksemd som bidrar til å utvikle, utvide eller oppretthalde busetnader (inkl. lån); 3) bruk av naturressursar til forretningsformål.[3]

Fleire selskap og investeringsfond har trekt ut sin investeringar av banken eller vurdert banken som utelukka frå investeringar. Rapporten frå "Don’t buy into occupation” (2024) skriv bl.a. at det franske bank- og forsikringsselskapet AXA har trekt ut sine investeringar.[4] Bank Leumi inngår også som ein av seks bankar som det statlege "Ireland Strategic Investment Fund" i april 2024 annonserte at dei trekk seg ut av pga. aktivitetar i okkuperte palestinske område.[5] I juni 2021 inkluderte KLP Bank Leumi på lista over selskap ein utelukkar frå investeringar[6] og banken står også på ei tilsvarande liste hjå Storebrand.[7] Andre selskap som tidlegare har ekskludert banken frå sine porteføljar er bl.a. det nederlandske pensjonsfondet ABP, det danske pensjonsfondet Sampension og den svenske banken SEB.

Døme på konkret involvering i okkuperte område

Nettstaden "whoprofits.org"[8] rapporterer at Bank Leumi står bak ei rekke lån til prosjekt i okkuperte område:

Kartleggingsprosjektet "Investigate" til kveker-organisasjonen "The American Friends Service Committee", skriv også at banken har gjett lån til ei rekkje byggjeselskap sine prosjekt på okkuperte område på Vestbreidda.[9] Nettsida trekker på same måte som "Who profits" fram etableringa av kjøpesenteret "Design City" i okkuperte område og finansiering av ekspansjonen av "Jerusalem Light Rail". Nettstaden peikar dessutan på at Bank Leumi driv filialar i ulovlege busetnader på Vestbreidda og Golan-høgda og eig 20% av transportselskapet Taavura Holdings, som er tungt involvert i okkupasjonen (oppdatert 12.8. 2022).

Bankens aktivitetar i relasjon til retningslinene for Oljefondet

Den mest relevante paragrafen i Oljefondets retningsliner er her § 4a og særleg § 4b:

Observasjon eller utelukkelse kan besluttes for selskaper der det er en uakseptabel risiko for at selskapet medvirker til eller selv er ansvarlig for:

a. grove eller systematiske krenkelser av menneskerettighetene b. alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner

Etikkrådet skriv om sine fortolkingar av paragrafane i ulike dokument, bl.a. i brev til Noregs Bank av 19.12.2024, der dei rår banken til å trekke ut Oljefondets investeringar i selskapet "Paz Retail and Energy Ltd".[10] I brevet visast det til tidlegare tilfelle der rådet har anbefalt de-investering i israelske selskap:

I tidligere saker har Etikkrådet blant annet lagt vekt på om selskapenes aktivitet har betydning for at normbruddet skal kunne finne sted, og sannsynligheten for at selskapenes aktivitet eller tilknytning som kan danne grunnlag for utelukkelse, vil vedvare. Rådet har lagt vekt på om selskapenes bidrag er sporadiske eller om de har en permanent tilstedeværelse i det okkuperte området, samt om selskapene produserer og selger rent generiske produkter, eller om det er produkter eller tjenester som er spesielt tilpasset bruk i området.

I vurderinga av Paz skriv rådet vidare at:

I tråd med praksis i tidligere saker legger Etikkrådet bl.a. vekt på om Paz’ virksomhet har betydning for opprettholdelsen av bosettingene utover å dekke grunnleggende behov, og at selskapet har en permanent tilstedeværelse i området.

Paz eig og driv bensinstasjonar i ni israelske busetnader på Vestbreidda og forsyner busetnadene med drivstoff. Rådet konkluderer med at:

Ved å drive infrastruktur for leveranse av drivstoff til israelske bosettinger, medvirker Paz til at bosettingene opprettholdes. Bosettingene er etablert i strid med folkeretten, og deres opprettholdelse utgjør et pågående folkerettsbrudd. Etikkrådet anser derfor at Paz medvirker til folkerettsbrudd på en måte som gir grunnlag for å anbefale at selskapet utelukkes fra SPU. Det er videre ingen indikasjoner på at Paz’ virksomhet vil opphøre. Etikkrådet anser derfor at den framtidige risikoen for at selskapet medvirker til grove normbrudd, er uakseptabel. På bakgrunn av det overstående anser Etikkrådet at Paz bør utelukkes fra SPUs innvesteringer.

Når det gjeld Bank Leumi, så finansierer banken altså, som vist over, byggjeprosjekt og utvikling av infrastruktur i okkuperte område. Banken bidrar dermed på ein svært direkte måte til at dei ulovlege busetnadene ikkje bare blir oppretthalde, men også utvida. Informasjonen som ligg føre, gjev også grunn til å konkludere med at verksemda er permanent. Det er derfor vanskeleg å sjå korleis bankens verksemd skal kunne oppfattast som meir akseptabel i høve til retningslinene enn det å drive infrastruktur for leveranse av drivstoff til israelske busetnader (jfr grunngjevinga for de-investeringa i Paz).

Det er i denne samanhengen også verdt å merke seg FNs høgkommisærs rapport “Israeli settlements in the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem, and in the occupied Syrian Golan” (A/HRC/58/73)[11] frå mars 2025 (altså gjett ut etter Etikkrådets vurdering over). Rapporten viser til at dei illegale busetnadene har blitt utvida og at overgrep mot palestinarane i dei okkuperte områda har blitt ytterlegare forsterka i perioden kartlegginga er utført (1. november 2023 til 31. oktober 2024). Rapporten peikar på at den auka overføringa av makt over det okkuperte palestinske territoriet til den sivile regjeringa i Israel legg til rette for konsolidering og utviding av israelske busetnader og tvangsflytting av den palestinske folkesetnaden. Dette har dessutan mogleggjort ei auka integrering av den okkuperte Vestbreidda i staten Israel, og institusjonaliserer i følgje rapporten langvarige mønster av systematisk diskriminering, segregering, undertrykking, dominans, vald og andre umenneskelege handlingar mot det palestinske folket, samt kontroll over dei okkuperte territoria. Rapporten viser også konkret til korleis dei israelske busetnadene stadig er blitt utvida og viser talmateriale over brot på palestinaranes rettar bl.a. gjennom restriksjonar på palestinarars rørslefridom og gjennom vald frå busetjarar. Når det gjeld forpliktingane til tredjestatar i denne situasjonen, understrekar rapporten tydeleg den internasjonale domstolen (ICJ) sin rådgjevande uttale av 19. juli 2024 om at “(…) States are under an obligation not to render aid or assistance in maintaining the situation created by the continued presence of Israel in the Occupied Palestinian Territory.”[12]

Det er vanskeleg å konkludere med anna enn at Oljefondet gjennom eigarskap i Bank Leumi bryt med rådet frå ICJ. I lys av både dette, Oljefondets retningsliner og Etikkrådets tidlegare argumentasjon, bør Oljefondet trekke seg ut av Bank Leumi.

Fotnoter


  1. Bank Leumi. Uå. About Leumi. https://www.leumi.co.il/en/About-Leumi ↩︎

  2. Norges Bank Investment Management. (31.12.2024). https://www.nbim.no/no/investeringene/investeringsoversikt/#/2024/investments/equities/2572/Bank%20Leumi%20Le-Israel%20BM ↩︎

  3. FNs høgkommisær for menneskerettar. (30.6.2023). OHCHR update of database of all business enterprises involved in the activities detailed in paragraph 96 of the report of the independent International fact-finding mission to investigate the implications of the Israeli settlements on the civil, political, economic, social and cultural rights of the Palestinian people throughout the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem.https://www.ohchr.org/sites/default/files/documents/hrbodies/hrcouncil/sessions-regular/session31/database-hrc3136/23-06-30-Update-israeli-settlement-opt-database-hrc3136.pdf ↩︎

  4. Don’t Buy Into Occupation. (november 2024). Don’t Buy into Occupation IV report. https://dontbuyintooccupation.org/wp-content/uploads/2024/11/2024_DBIO-IV-report.pdf ↩︎

  5. Finansdepartementet, den irske regjeringa (5.4.2024). Minister McGrath notes NTMA confirmation of divestment from certain investments in the Occupied Palestinian Territory. Pressemelding. https://www.gov.ie/en/department-of-finance/press-releases/minister-mcgrath-notes-ntma-confirmation-of-divestment-from-certain-investments-in-the-occupied-palestinian-territory/ ↩︎

  6. KLP. (juni 2021). Beslutning om å utelukke selskaper med tilknytning til bosetningene på Vestbredden. https://www.klp.no/om-klp/samfunnsansvar/artikler/derfor-ekskluderer-klp-16-selskaper-etter-fn-rapport/Beslutning%20om%20%C3%A5%20utelukke%20selskaper%20med%20tilknytning%20til%20bosetningene%20p%C3%A5%20Vestbredden.pdf ↩︎

  7. Storebrand. (2024). Storebrand Exclusion List. https://www.storebrand.com/sam/nl/asset-management/sustainability/our-method/exclusions/_/attachment/inline/db66803d-c51c-435f-b04a-f67a2bcd9796:7249f9e1d2c8e7490ae0736d47902e3c7c70ecc8/Exclusions-Q3-2024.pdf ↩︎

  8. Who Profits. (oppdatert 13.8. 2024). Bank Leumi. https://www.whoprofits.org/companies/company/3790 ↩︎

  9. Investigate. (U.å). Bank Leumi Le-Israel BM. https://investigate.afsc.org/company/bank-leumi-le-israel ↩︎

  10. Etikkrådet, Statens pensjonsfond utland. (19.12.2024). Tilrådning om å utelukke Paz Retail and Energy Ltd fra Statens pensjonsfond utland. Brev til Norges Bank. https://files.nettsteder.regjeringen.no/wpuploads01/sites/275/2025/05/Paz-Retail-and-Energy-NO.pdf ↩︎

  11. FNs høgkommisær for menneskerettar. (18.3.2025_). Israeli settlements in the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem, and in the occupied Syrian Golan - Report of the United Nations High Commissioner for Human Rights_. https://www.ohchr.org/sites/default/files/documents/hrbodies/hrcouncil/sessions-regular/session58/a-hrc-58-73-infographic-march2025.pdf ↩︎

  12. FNs høgkommisær for menneskerettar. (18.3.2025_). Israeli settlements in the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem, and in the occupied Syrian Golan - Report of the United Nations High Commissioner for Human Rights_. https://www.ohchr.org/sites/default/files/documents/hrbodies/hrcouncil/sessions-regular/session58/a-hrc-58-73-infographic-march2025.pdf ↩︎