Clal Insurance Enterprises Holdings Ltd

Publisert av Håvard Brede Aven

Vi har funne dokumentasjon på at selskapet bidreg direkte til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og/eller alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar. Selskapet utgjer derfor ein uakseptabel risiko for brot på Oljefondets etiske retningslinjer.

Oppsummering av risiko og eigarskap per september 2025.
Oljefondet har per 30. september ikkje offentleg annonsert nedsal i selskapet.

Selskapet har verksemd innan forsikring, pensjonssparing og andre finansielle tenester.

Selskapet er ikkje oppført i databasen til FNs høgkommisær for menneskerettar, og heller ikkje i Storebrands eksklusjonsliste per andre kvartal 2025.

Ifølge Who Profits Research Center var selskapet per 2022 med på å finansiere ulovlege busetnader på Vestbreidda, mellom anna Ariel og Kiryat Arba, samt utvinning av naturressursar på okkupert område. Det er ein av dei største eigarane i tech- og cybersikkerheitselskapet Cellebrite.[1] Cellebrite blir etter alt å dømme brukt av den israelske hæren på Gaza. Mellom anna derfor har fleire irske politikarar nyleg tatt til orde for å boikotte selskapet.[2] Sommaren 2025 kjøpte Clal seg opp i selskapet Paz, som tidlegare er utelukka av Oljefondet på grunn av verksemda på Vestbreidda.[3]

NBIM hadde aksjar for ein verdi av 32,563,087 kr per 30.06.2025, og eigde 0.09 prosent av aksjane i selskapet. Dette er betydeleg ned frå ein verdi av 201.238.972 og 1.64 prosent per 31.12.2022. Det kan altså sjå ut til at Oljefondet gradvis har selt seg ned i selskapet.

Fotnoter


  1. Who Profits Research Center. (2022). Insuring Dispossesion. The Complicity of Five Israeli Insurance and Pension Fund Companies in Israeli Violations of Palestinian Rights; Who Profits Research Center. (u.å.). Clal Insurance Enterprises Holdings ↩︎

  2. The Irish Times. (2025, 4. mars). Opposition calls for gardaí to stop buying Israeli-made decryption technology. ↩︎

  3. Gerstenfeld, Eitan. (2025, 24. juli). Zohar Levy's Summit sells 16% Paz stake . GLOBES. ↩︎