First International Bank Of Israel Ltd
Publisert av Håvard Brede AvenFirst International Bank of Israel
Publisert espen
Redigert av Håvard Brede Aven 29. september 2025.
Rapporten bygger på dokumentet fra 30. juni 2025 som kan leses her [sett inn link til PDF]
Vi har funne dokumentasjon på at selskapet bidreg direkte til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og/eller alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar. Selskapet utgjer derfor ein uakseptabel risiko for brot på Oljefondets etiske retningslinjer.
Oljefondet selde seg ut av selskapa FIBI og First International Bank of Israel innan 26. august 2025, og oppgjer at det skjedde etter tilrådingar frå Etikkrådet 25. juni. I ei pressemelding er nedsalet i desse og fire andre grunngjeve med «uakseptabel risiko for at selskapene medvirker til alvorlige krenkelser av individers rettigheter i krig eller konfliktsituasjoner».[1] Etikkrådets tilråding viser til at First International Bank of Israel og FIBI tilbyr «finansielle tjenester som er en nødvendig forutsetning for byggeaktivitet i israelske bosettinger på Vestbredden (...)».[2]
First International Bank of Israel er ein av dei største bankane i Israel. Banken er deleigd og langt på veg kontrollert av FIBI Holdings Ltd.
Det irske strategiske investeringsfondet (Ireland Strategic Investment Fund, ISIF) trekte seg ut våren 2024, og grunngav avgjerda med at banken hadde aktivitet på okkupert palestinsk territorium.[3] Banken står også på Storebrand si eksklusjonsliste per første kvartal 2025, under «Conduct-based exclusion - Human Rights and International Law».[4] KLP trekte seg ut i 2021, grunngjeve med at banken var oppført i FNs høgkommissær for menneskerettar si oversikt over selskap med aktivitet i israelske busetnader på okkupert palestinsk territorium.[5]
Ifølge FNs høgkommissær for menneskerettar sin database (oppdatert 2023), var banken involvert i «The provision of services and utilities supporting the maintenance and existence of settlements, including transport», «Banking and financial operations helping to develop, expand or maintain settlements and their activities, including loans for housing and the development of businesses» og «The use of natural resources, in particular water and land, for business purposes».[6]
Who Profits Research Center gir fleire konkrete døme på bankens medverknad til busetnader i Aust-Jerusalem og på Vestbredden, men oppgir ikkje kjelder for dette. Blant anna skal banken ha gitt lån til selskapet Ram Aderet i fleire omgangar for utbygging i den nye busetnaden Givat HaMatos i Aust-Jerusalem (seinast i 2024), med sikkerheit i selskapets kontraktar og rettar i busetnaden. Per 2024 sørga banken for lån til lokalstyret i fleire busetnader i Aust-Jerusalem og Vestbredden, mellom andre Beitar Ilit og Ariel - der banken også har filialar - og Karnei Shomron. Banken skal også ha filialar i israelske militærbasar og yter banktenester til det israelske forsvarsdepartementet.[7] Dersom mykje av dette stemmer, synest det å vere ein klar risiko for at banken bidrar til å oppretthalde ulovlege busetnader og til menneskerettsbrot.
Oljefondets eigarskap var på 0.99 prosent ved utgangen av 2024. Eigarskapen var på 1.59 prosent i 2020, auka til 2.12 prosent i 2022, før den blei gradvis redusert.[8] Selskapet var ikkje ekskludert frå Oljefondet per mai 2025, og syntest heller ikkje å vere under såkalla observasjon.[9]
Fotnoter
Norges Bank Investment Management. (2025, 25. august). Beslutninger om utelukkelse - Pressemelding. ↩︎
Etikkrådet. (2025, 25. august). First International Bank Of Israel/ FIBI Holdnings Ltd. Sjå også Etikkrådet. (2025, 25. juni). Tilrådning om å utelukke First International Bank Of Israel Ltd/The og FIBI Holdings Ltd fra Statens pensjonsfond utland ↩︎
Department of Finance (Irland). (2024, 5. april.) [Minister McGrath notes NTMA confirmation of divestment from certain investments in the Occupied Palestinian Territory - Pressemelding](https://www.gov.ie/en/department-of-finance/press-releases/minister-mcgrath-notes-ntma-confirmation-of-divestment-from-certain-investments-in-the-occupied-palestinian-territory/](https://www.gov.ie/en/department-of-finance/press-releases/minister-mcgrath-notes-ntma-confirmation-of-divestment-from-certain-investments-in-the-occupied-palestinian-territory/) ↩︎
Storebrand. Storebrand exclusion list Q1 2025 ↩︎
KLP (2021, 5. juli). Why KLP is excluding 16 companies following UN report ↩︎
FNs høgkommissær for menneskerettar. (2023, 30. juni). OHCHR update of database of all business enterprises involved in the activities detailed in paragraph 96 of the report of the independent international factfinding mission to investigate the implications of the Israeli settlements on the civil, political, economic, social and cultural rights of the Palestinian people throughout the Occupied Palestinian Territory, including East Jerusalem. Henta frå https://www.ohchr.org/sites/default/files/documents/hrbodies/hrcouncil/sessions-regular/session31/database-hrc3136/23-06-30-Update-israeli-settlement-opt-database-hrc3136.pdf ↩︎
Who Profits Research Center. (u.å.). First International Bank Of Israel Ltd. Lest 19. mai 2025. ↩︎
Norges Bank Investment Management. (u.å.). Investeringsoversikt. Henta 20. mai 2025. ↩︎
Norges Bank Investment Management. (2025, 11. mai). Observation and exclusion of companies ↩︎