Menora Mivtachim Holdings Ltd
Publisert av Håvard Brede AvenVi har funne dokumentasjon på at selskapet bidreg direkte til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og/eller alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar. Selskapet utgjer derfor ein uakseptabel risiko for brot på Oljefondets etiske retningslinjer.
Selskapet er eit av dei største forsikrings- og finansselskapa i Israel.
Selskapet er ikkje oppført i databasen til FNs høgkommissær for menneskerettar og heller ikkje i Storebrand si eksklusjonsliste.
Who Profits Research Center gir derimot fleire døme som tyder på at selskapet – iblant omtala som Menorah Mivtahim Holdings – har bidratt til å finansiere israelsk energiproduksjon og busetnader på Vestbreidda. Selskapet skal også ha bidratt til å finansiere militærbasar i Negev.[1] Selskapet har dessutan eigarskap i andre selskap som skal ha aktivitet på Vestbreidda, mellom anna solenergiselskapet Teralight Ltd.[2] Gitt at dette stemmer, synest det å vere ein betydeleg risiko for at selskapet bidrar til ulovleg okkupasjon. Sommaren 2025 kjøpte Menora seg dessutan opp i selskapet Paz, som tidlegare er utelukka av Oljefondet på grunn av verksemda på Vestbreidda.[3]
NBIM hadde aksjar til ein verdi av 307 527 586 kr per 30.06.2025, ein verdiauke på nærare 200 000 000 NOK sidan utgangen av 2024. Dette utgjorde 0.62 prosent av eigarskapen. Oljefondet kjøpte seg betydeleg opp frå 1.571.732 kr og 0.01 prosent ved utgangen av 2022.
Oppsummering av risiko og eigarskap per september 2025.
Oljefondet har per 30. september ikkje offentleg annonsert nedsal i selskapet.
Fotnoter
Who Profits Research Center (2022). Insuring Dispossesion. The Complicity of Five Israeli Insurance and Pension Fund Companies in Israeli Violations of Palestinian Rights ↩︎
[Financial Times (u.å.) Tera Light Ltd]https://markets.ft.com/data/equities/tearsheet/profile?s=TRLT:TLV. (sist henta 16. juni 2025); Who Profits Research Center (u.å.). Teralight; Kahana, Lior. (2025, 27. januar) Teralight switches on Israel’s largest solar plant. pv magazine ↩︎
Gerstenfeld, Eitan. (2025, 24. juli). Zohar Levy's Summit sells 16% Paz stake. GLOBES. ↩︎