Migdal Insurance & Financial Holdings Ltd

Publisert av Håvard Brede Aven

Vi har funne dokumentasjon på at selskapet har vore knytt til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og/eller alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar. Selskapet utgjer derfor ein risiko for brot på Oljefondets etiske retningslinjer.

Selskapet er eit av dei største forsikrings- og finansselskapa i Israel.

Selskapet er ikkje oppført i databasen til FNs høgkommissær for menneskerettar eller i til dømes Storebrands eksklusjonsliste.

Ifølge Who Profits Research Center skal selskapet ha bidratt til å finansiere mellom anna energiproduksjon, transportsystem og busetnader på Vestbredden og Golan, også gjennom datterselskap eller aksjeeigarskap, i alle fall inntil 2022.[1] Migdal ser dessutan ut til å eige aksjar i våpenprodusenten Elbit.[2]

Oljefondet har ikkje store verdiar i selskapet og eig heller ikkje ein stor del av aksjane i selskapet. Verdien av Oljefondets aksjar var på 3.549.702 kr per 31.12.2024, og Oljefondets del utgjorde 0,02 prosent av eigarskapen. Eigarskapen er betydeleg lågare enn ved utgangen av 2020, då aksjane var verdsett til 82.330.479 kr og utgjorde 0,79 prosent av eigarskapen, men noko høgare enn ved utgangen av 2022 (1.297.532, 0,01 prosent).

Fotnoter


  1. Who Profits Research Center. (2022). Insuring Dispossesion. The Complicity of Five Israeli Insurance and Pension Fund Companies in Israeli Violations of Palestinian Rights. https://www.whoprofits.org/publications/report/55?insuring-dispossession ↩︎

  2. Who Profits Research Center. (u.å.) Migdal Insurance https://www.whoprofits.org/companies/company/7346?migdal-insurance-and-financial-holdings ↩︎