Tel Aviv Stock Exchange Ltd

Publisert av Sissel Rosland

Vi har ikkje funne dokumentasjon på at selskapet er knytt til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og/eller alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar, utover at selskapet bidreg til den israelske økonomien og ikkje har tatt avstand frå statens grove folkerettsbrot.

Tel Aviv-børsen blei oppretta i 1953. Per 30.06.2025 hadde Oljefondet ein eigarskap på 1,78%, verdsett til 317 787 011 NOK [1] (opp frå 1,07%, verdsett til 129 819 873 kr per 31.12.2024)

Mange av selskapa og bankane som er aktive i okkuperte område er børsnotert på denne børsen, så slik sett er den indirekte involvert i okkupasjonen. Men utover dette, er det ikkje funne kjelder som trekker fram Tel Aviv-børsen si rolle meir spesifikt.

Fotnoter


  1. Norges Bank Investment Management. (30.06.2025). Tel Aviv Stock Exchange Ltd.https://www.nbim.no/no/investeringene/investeringsoversikt/#/2025/investments/equities/2597/Tel%20Aviv%20Stock%20Exchange%20Ltd ↩︎