Amot Investments Ltd
Amot Investments Ltd er kategorisert av NBIM som “Real Estate”; verdien i aksjene var pr. 31.12.2024 NOK 19 165 775.[1] Tidlegare var aksjeverdiane til Oljefondet i Amot høgare (ca. 138 millioner NOK i 2019), men særleg sidan 2021 har verdien vore låg.
Amot er eigd av Alony Hetz (AH), som NBIM også har investeringar i (sjå rapport av Farstad). AH har også kontroll over selskapet Energix, som også er i Oljefondets investeringsliste (sjå rapport av Storli). Energix har tidlegare hatt fornybar energi-prosjekt på Vestbredden, og har no eit stort prosjekt på okkupert Golan i samarbeid med den israelske staten.
Amot driv eit stort senter i Vestbredden-bosettinga Ariel, i følgje deira eiga nettside: https://www.amot.co.il/en/assets-list/industry/amot-ariel/
Dei omtaler bosettinga som at den er i “hjartet av Israel”. Amot Ariel er plassert i ein industripark, “characterized by various factories and a flourishing industry which includes, among others, food, textile, steel, aluminum, metals and more.” Slike parkar er typiske verktøy i okkupasjonen.[2]
Ariel er etablert midt i regionen på Vestbreidden kjend som Salfit. Populasjonen i Ariel har auka kraftig siste åra. I 2010 rapporterte Bt’selem at Ariel og barrierene separerte sju palestinske landsbyar med ca. 25 000 innbyggarar frå Salfit-distriktets sentrum. Dette hindrar dei i å få effektiv tilgang til grunnleggande tenestar i sin “kommune”.[3]
Vatnreinsesystemet i i Ariel førte til hyppig forureining i palestinske områder rundt den ulovlege bosettinga, i følgje Bt’selem (2010). Ariel University fekk i 2020 finansiering via EUs Horizon-prosjekt, men mista denne etter ein ekstra gjennomgang.[4] Dette blir stadig utfordra av israelsk akademia.[5]
Ettersom Etikkrådet tilrådde ekskludering av Paz Retail and Energy fordi dei hadde aktivitet på okkupert område og sikra avgjerande bidrag til okkupasjonen, synest det openbert at også Amot Investments må bli ekskludert frå Oljefondet. Kombinert med at morselskapet Alony Hetz også driv annan okkupasjonsøkonomisk verksemd som bidreg til sentral infrastruktur i okkupasjonen, må både Amot, Alony Hetz og Energix bli ekskluderte frå investeringslista til NBIM umiddelbart.
Fotnoter
NBIM. (2018, 25. februar). Amot Investments Ltd. Norges Bank Investment Management. https://www.nbim.no/no/ ↩︎
Buxbaum, J. (2021, 11. mars). How Israeli industrial zones exploit Palestinian land and labour. Https://Www.Newarab.Com/; The New Arab. https://www.newarab.com/analysis/how-israeli-industrial-zones-exploit-palestinian-land-and-labour ↩︎
B’tselem. (2010). Ariel settlement fact sheet. Btselem.Org. https://www.btselem.org/settlements/20100830_facts_on_the_settlement_of_ariel ↩︎
Harkov, L. (2021, 26. oktober). Israel rejoins EU science program excluding Judea and Samaria. The Jerusalem Post. https://www.jpost.com/israel-news/israel-rejoins-eu-science-program-excluding-judea-and-samaria-683139 ↩︎
Israel Academia Monitor. (2025, 27. februar). Ariel University Should Join European Scientific Collaborations. https://israel-academia-monitor.com/2025/02/27/ariel-university-should-join-european-scientific-collaborations/ ↩︎