Azrieli Group Ltd

Publisert av Eli Morken Farstad

Selskapet er registrert i NBIM som “Real Estate”.[1] Verdien til Oljefondet si investering var 31.12.2024 NOK 439 788 332 (0,39% av selskapet)/38 722 795 USD.

Azrieli Group driver eigedom som brukast til kjøpesenter, seniorboligar, kontor og datasenter.[2] I tillegg fungerer det som eit holdingselskap. AG har også andre sideprosjekt, som 50% eigarskap i solcellepanelproduksjon i Negev-ørkenen.[3] Dei har ingen eigedommar som er etablert på okkupert land i følgje oversynet på deira heimeside.

Nettverket og historikken til selskapet gir likevel mistanke om uakseptabel risiko for bidrag til folkerettsstridig okkupasjon, apartheid og folkemord. Kravet om skjerpa aktsomheit som krigen og okkupasjonen fører med seg, gjer at Etikkrådet må gjere grundige undersøkingar for å vurdere om Azrieli Group følgjer retningslinjene som er gitt av Finansdepartemetet.

Azrieli Group har eigarskap i Bank Leumi (sjå rapport av Sissel Rosland) som er på FN si svarteliste - og framleis på Oljefondets investeringsliste.[4] Det er grunn til å tru at eigedomsfirma som har eigarskap i bank Leumi har ein delt interesse i okkupasjonen på Vestbreidden, ettersom Leumi er kjend for å låne store summar til bosettarorganisasjonar.[5] Azrieli Group hadde inntil 2016 ein stor andel av bensin- og daglegvareselskapet Sonol gjennom 100% eigarskap av Granite HaCarmel.[6] Sonol har vore på “svartelista” til OHCR over lengre tid.

Det er tydeleg at flaggskip-prosjekt for Azrieli Group, som renovasjonen av Mount Zion Hotel i Jerusalem,[7] har stor verdi for legitimering av okkupasjonen. Hotellet er etablert 500 meter frå okkupert Aust-Jerusalem og blir promotert med “spektakulær utsikt” til okkuperte områder og gangavstand til gamlebyen.[8] I tillegg skal hotellet vere eit sentralt stopp for ein taubane som koplar settler-landsbyar i aust med Vest-Jerusalem.[9] Ei hengebru over til bosettinga i den palestinske byen Silwad (bygd av settlerorganisasjonen Elad) ligg også rett over gata for hotellet.[10] Dei har også eit stort kjøpesenter (Azrieli Shopping Mall) rett ved den store bosettinga Modi’in Illit med nesten 100 000 innbyggarar. Kjøpesenteret ligg 500 meter frå den såkalla “Latrun Salient” i Ramallah, og det er openbart at bosettarar er kundar på senteret. FN anser israelske bosettingar i Latrun Salient for å vere folkerettsstridig okkupasjon.[11]

Azrieli Group er knytt til ein filantropisk organisasjon (etabl. 1989) som opererer i Israel og Canada, Azrieli Foundation, som har ført til fleire krav om boikott.[12] Nøkkelaktørar i Azrieli Foundation har tette band til Azrieli Group, som gjort rede for i kvartalsrapporten til AG publisert i mars 2025. No avdøde eigar av Azrieli Group, David Azrieli,[13] donerte ein stor andel av overskotet til AG til AF i 2014;[14] hans etterkomarar (Naomi, Sharon og Danna) sit no som hovudeigarar og styremedlemmar i AG og AF.[15]

Azrieli Foundation opererer i Canada og Israel. Eit eksempel på deira innflytelse er arkitekturprisen David Azrieli Architecture Student Prize, som ser ut til å bidra til å legitimere okkupasjonen gjennom premiering av innsats for å bygge samfunn på okkupert område.[16] I følge Miles Howe ved Brock University i Canada har AF mellom anna gitt nesten 9 millioner dollar til Darca som driv fleire skular på okkupert område (Goan og Aust-Jerusalem) samt 665 000 dollar i støtte til IDF via JDC Israel - i 2023 aleine.[17] Tidlegare har AF fått kritikk for å ha donert støtte til NGOen Im Tirzu, som i følgje israelsk rettssystem i 2013 kvalifiserte til å bli kalla ein organisasjon med fascistiske tendensar.[18]

I 2021 kjøpte Azrieli Group norske Green Mountain for å auke innflytelsen i vestleg datasenter-næringsliv.[19] Green Mountain avviser at Azrieli Group-oppkjøpet står i fare for å koble Green Mountain til folkerettsstridig okkupasjon.[20]

Fotnoter


  1. Azrieli Group Ltd 2018 ↩︎

  2. Sjå årsrapport 2024, Financial Reports. (u.å.). Azrieli Group. Hentet 17. juni 2025, fra https://www.azrieligroup.com/financial-reports/ ↩︎

  3. Markosyan, M. (2025, 27. mai). Azrieli to invest in, buy power from solar-storage project in Israel. https://renewablesnow.com/news/azrieli-to-invest-in-buy-power-from-solar-storage-project-in-israel-1275879/ ↩︎

  4. Sjå årsrapport 2024, AFSC Investigate. (u.å.). Bank Leumi Le-Israel BM. Hentet 17. juni 2025, fra https://investigate.afsc.org/company/bank-leumi-le-israel ↩︎

  5. Opdatering om selskaber forbundet med israelske bosættelser, 2024 ↩︎

  6. Danwatch. (2017). Companies with activities in or around illegal Israeli settlements. https://old.danwatch.dk/en/nyhed/companies-with-activities-in-or-around-illegal-israeli-settlements/ ↩︎

  7. Azrieli Group will Finish Building its Mount Zion Hotel by 2027. (2024). Israel Travel News. https://itn.co.il/news/hotels/azrieli-group-will-finish-building-its-mount-zion-hotel-by-2027/ ↩︎

  8. Azrieli - Mount Zion Hotel. (u.å.). Azrieli Group. Hentet 17. juni 2025, fra https://www.azrieligroup.com/properties/mount-zion-hotel/ ↩︎

  9. Israeli court rejects petitions against "megalomaniacal" Jerusalem cable car plan. (2022). Middle East Eye. https://www.middleeasteye.net/news/israel-jerusalem-supreme-court-cable-car-megalomaniacal ↩︎

  10. Peace Now. (2022, 8. juni). A significant expansion of the tourist settlement project: a tender for the construction of a footbridge over the Ben Hinnom Valley. Peace Now ↩︎

  11. Sjå til dømes Shilat og Maccabim på lista til OCHA 2019: 49–50 ↩︎

  12. Medjool. (2024, 19. desember). Honest Reporting Canada: Who are the Donors. Just Peace Advocates. https://www.justpeaceadvocates.ca/honest-canada-who-are-the-donors/ ↩︎

  13. Engler, Y. (2023, 8. februar). Devil is in the details of ‘Holocaust education’. https://yvesengler.com/2023/02/07/devil-is-in-the-details-of-holocaust-education/ ↩︎

  14. David Azrieli donates 5.7 pct of Azrieli Group to foundation. (2014, 16. mars). Reuters. https://www.reuters.com/article/markets/david-azrieli-donates-57-pct-of-azrieli-group-to-foundation-idUSL6N0MD0EX/ ↩︎

  15. BOARD OF DIRECTORS. (u.å.). Azrieli Group. Hentet 17. juni 2025, fra https://www.azrieligroup.com/board-members/, Danna Azrieli. (2025). Forbes. https://www.forbes.com/profile/danna-azrieli/ ↩︎

  16. Sjå til dømes dette prosjektet som tar for seg lokalsamfunn på Golan: MILIEU Development and planning of the socio-cultural landscape in Golan Heights. (2022). The David Azrieli Architecture Student Prize. https://architectureprize.azrielifoundation.org/en/projects/milieu-development-and-planning-of-the-socio-cultural-landscape-in-golan-heights/ ↩︎

  17. Darca School locations. (u.å.). Darca. Hentet 17. juni 2025, fra https://darca.org.il/en/locations/ ↩︎

  18. Sheizaf, N. (2013, 8. september). Jerusalem Court: Okay to call Im Tirtzu a "fascist group". _+972 Magazine ↩︎

  19. Sverdlik, Y. (2021). Azrieli Makes Bigger Data Center Bet with Green Mountain Acquisition ↩︎

  20. "Azrieli Group, Green Mountains eiere. (u.å.). Green Mountain. Hentet 17. juni 2025, fra https://info.greenmountain.no/faq/azrieli-group-investeringer-vestbredden/ ↩︎