Israel Canada T. R. Ltd
NBIM har registrert Israel Canada T. R. Ltd (heretter IC) som “Real Estate”. Investeringa var dem 31.12.2024 9,376,578 NOK; dette er 0,07 % av aksjene i selskapet. NBIM kjøpte akjer i IC for første gong i 2023. Selskapet opererer med kontorbygningar, seiorboligar og andre leilegheitskompleks, m.m.
IC er ikkje på nokon kjende lister over selskaper som bidreg til okkupasjonen. Eit overfladisk googlesøk viser ingen teikn til at det finst kampanjer mot selskapet for deira innblanding i Israel sine folkerettsbrot. Det finst rapportar som viser korleis eigedomsfirma bidreg til okkupasjonen, men det finst ingen klare prov på at IC bidreg til dette.[1]
Ingen ulovlege bosettingar er nemnt på nettsida til IC. Det finst imidlertid ikkje ein årsrapport på engelsk, berre hebraisk, som gjer det vanskeleg å spore små og store investeringar nøyaktig. IC har også fleire datterselskap, og heller ikkje desse ser ut til å ha aktivitet på OPT i følgje deira eigne nettsider.
Dei kontrollerande eigarane av IC er Barak Rosen og Assaf Tuchmeir.[2] Andre store aksjeeigarar av IC er Clal Insurance, Phoenix Financial Ltd. og fleire. Desse to selskapa har NBIM også investeringar i, samtstundes som dei er anklaga for å bryte folkeretten, sjå rapportar av Aven og Nygaard. I og med at IC er eit dotterselskap, er det komplisert å stille dei til ansvar for moderselskap sin aktivitet. Men det er likevel grunn til å utvise auka aktsomheit og sette selskapet under observasjon grunna desse eigarforholda.
Barak Rosen eig også eit stort cannabis-produksjonsselskap som har avtale med den israelske staten.[3] Rosens eigarskap av cannabis-selskap kan utløyse NBIMs produktbaserte eksklusjonsreglar, fordi NBIM sidan 2019 arbeidar med ei retningslinje som lyder "Fondet skal ikke være investert i selskaper som selv eller gjennom enheter de kontrollerer: (... ) c. produserer cannabis til rusformål".[4] Det er usikkert om dette får konsekvenser for investering i Israel Canada, i og med at IC ikkje er direkte knytt til Tikun Olam utanom Rosens kontroll-eigarskap i begge.
Fotnoter
Occupation, Inc. (2016). Human Rights Watch. https://www.hrw.org/report/2016/01/19/occupation-inc/how-settlement-businesses-contribute-israels-violations"Occupation. Rona, G. (2024). The Illegality of Israeli Settlement Real Estate Sales. Lawfare. https://www.lawfaremedia.org/article/the-illegality-of-israeli-settlement-real-estate-sales ↩︎
Canada Israel. (u.å.). ABOUT. קנדה ישראל - Canada Israel. Hentet 29. juni 2025, fra https://israel-canada.co.il/en/about/, Shpruer, G. L., Sharon. (2008, 6. februar). To the stars with Assi and Barak. Haaretz. https://www.haaretz.com/2008-02-06/ty-article/to-the-stars-with-assi-and-barak/0000017f-ef37-da6f-a77f-ff3f93bd0000 ↩︎
Rosen, B. (u.å.). Barak Rosen: Owner, Founder, and CEO of Israel Canada Group. Barakrosen.Com. Hentet 29. juni 2025, fra https://www.barakrosen.com/en/; Tikun Olam (cannabis). (2025). I Wikipedia. https://en.wikipedia.org/w/index.php?title=Tikun_Olam_(cannabis)&oldid=1289051207 ↩︎
Bjerknes, C. (2019, 24. mai). Oljefondet kaster ut hasjaksjene. Dagens Næringsliv. https://www.dn.no/marked/oljefondet/nbim/norges-bank-investment-management/oljefondet-kaster-ut-hasjaksjene/2-1-608377; Etiske utelukkelser. (2023, 27. april). Norges Bank Investment Management. https://www.nbim.no/no/; NBIM. (2022, 7. september). Beslutninger om observasjon og utelukkelse. Norges Bank Investment Management. https://www.nbim.no/no/ ↩︎