Summit Real Estate Holdings Ltd
Summit Real Estate Holdings Ltd (heretter SREH) er kategorisert av NBIM som “Real Estate”. Aksjeverdien var 10 013 257 den 31. 12. 2024.[1] Oljefondet hadde ingen aksjer i SREH mellom 2019 og 2022, men kjøpte seg opp igjen til samme verdi som 2018 i 2023/2024.
I 2019 var eigaren av SREH, Zohar Levy, etterforska for innsidehandel. Myndigheitene i Israel uttalte at funna peika i retning av at Levy var involvert.[2] I 2022 blei saka avslutta.[3] Dette kan vere grunnen til svingningene i NBIMs investeringar, men det finst ingen dokumentasjon på at Etikkrådet gav tilråding om ekskludering som følgje av denne etterforskinga eller andre forhold.[4]
Det er vanskeleg å finne informasjon om “Summit Group” i Israel, som den blir referert som av datterselskapet Summit Properties (USA). Dei har ingen open nettside i Noreg,[5] noko som kan skuldast at den er sperra, slik Paz Energy & Retail gjorde med sine nettsider i 2024.[6] Det kan også bety at koplinga ikkje er sikker, og dermed blir sperra i Noreg (sjå vedlegg).
I følgje Reuters er selskapet primært involvert i å kjøpe og leige ut kontorbygninger og kommersielle lokaler.[7] SREH har sitt hovudkvarter i Israel, men driv også verksemd i Tyskland og USA.[8] Zohar Levy har kontroll over selskapet ifølge årsrapporten (2023) for det amerikanske dotterselskapet Summit Properties Ltd.
Andre kjelder melder at Zohar Levy eig SREH ilag med Clal Insurance Company Ltd.[9] WhoProfits har publisert ein rapport kor det blir dokumentert at Clal forsikrer over 500 prosjekt på okkupert palestinsk territorium, mellom anna i Ariel-bosettinga, Kiryat Arba og Efrat.[10] Clal har også bidrege til prosjekt for Israel Defence Forces.[11] Sjå også rapport av Håvard Brede Aven.
I 2022 kjøpte SREH 7% av aksjene i Paz Energy and Retail, som i 2024 blei ekskludert frå SPU på grunn av folkerettsstridig aktivitet på okkupert palestinsk territorium.[12] Den israelske finansnettstaden Global foreslo då at dette kunne peike mot at SREH ønskte å oppnå kontroll over selskapet.[13] I 2024 kjøpte Summit ytterlegare 9% av aksjene, og eig 16% av ekskluderte Paz.[14] I følgje nettsida “Simply Wall Street” var SREH største eigar av Paz i februar 2025.[15]
På grunnlag av nylege store oppkjøp av Paz Retail & Energy og truleg samarbeid med Clal Insurance som bidreg til okkupasjon og folkerettsstridig krigføring, meiner Historikere for Palestina at det er ein uakseptabel risiko for at Summit Real Estate Holdings Ltd bidreg til okkupasjon, grove menneskerettsbrot og krenking av individ sine rettar i krig og konflikt. Derfor bør Summit Real Estate Holdings Ltd bli ekskludert frå investeringane til Statens Pensjonsfond Utland.
Vedlegg

Fotnoter
Summit Real Estate Holdings Ltd 2018 ↩︎
Spate of securities fraud probes hits Israeli listed companies. (2019, 21. februar). Globes. https://en.globes.co.il/en/article-spate-of-securities-fraud-probes-hits-israeli-listed-companies-1001274317 ↩︎
Observation and exclusion of companies. (2019, 18. mars). Norges Bank Investment Management. https://www.nbim.no/en/responsible-investment/ethical-exclusions/exclusion-of-companies/ ↩︎
https://www.smt.co.il/ ; sjå vedlegg. ↩︎
Paz Retail and Energy Ltd. (2025, 11. mai). Etikkrådet. https://etikkradet.no/paz-retail-and-energy-ltd/ ↩︎
SMT.TA. (u.å.). Hentet 16. juni 2025, fra https://www.reuters.com/markets/companies/SMT.TA/profile ↩︎
https://www.summit-properties.com/downloads/2024-04-15_SPL_FS_2023.pdf ↩︎
Summit Real Estate Holdings. (u.å.). Hentet 16. juni 2025, fra https://www.neverbounce.com/company/summit-real-estate-holdings/372148295; Summit Real Estate Holdings Ltd. (2018, 25. februar). Norges Bank Investment Management. https://www.nbim.no/no/investeringene/investeringsoversikt/#/2024/investments/equities/2622/Summit%20Real%20Estate%20Holdings%20Ltd ↩︎
The Israeli Occupation Industry - Insuring Dispossession. (2022). Who Profits - The Israeli Occupation Industry - Insuring Dispossession. https://www.whoprofits.org/publications/report/55?insuring-dispossession ↩︎
Clal Insurance Enterprises Holdings. (2022). Who Profits - The Israeli Occupation Industry - Clal Insurance Enterprises Holdings. https://www.whoprofits.org/companies/company/7344?clal-insurance-enterprises-holdings-limited; Clal Insurance Enterprises Holdings Ltd | AFSC Investigate. (2022). https://investigate.afsc.org/company/clal-insurance ↩︎
«Paz Retail and Energy Ltd» 2025 ↩︎
Summit builds 7% stake in Paz. (2022, 1. september). Globes. https://en.globes.co.il/en/article-summit-builds-7-stake-in-paz-1001397882 ↩︎
Mon: Banks strong, Paz surges. (2024, 20. mai). Globes. https://en.globes.co.il/en/article-mon-banks-strong-paz-oil-surges-1001479217 ↩︎
Simply Wall St. (2025, 28. februar). Institutional owners may ignore Paz Retail And Energy Ltd.’s (TLV:PAZ) recent ₪186m market cap decline as longer-term profits stay in the green. https://simplywall.st/stocks/il/energy/tase-paz/paz-retail-and-energy-shares/news/institutional-owners-may-ignore-paz-retail-and-energy-ltds-t ↩︎