Summit Real Estate Holdings Ltd

Publisert av Eli Morken Farstad

Vi har funne dokumentasjon på at selskapet er knytt til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane. Selskapet utgjør derfor ein høg risiko for brot på Oljefondets etiske retningslinjer.

Summit Real Estate Holdings Ltd (heretter SREH) er kategorisert av NBIM som “Real Estate”. Aksjeverdien var 10,562,213 NOK den 30.06.2025, ei lita auke frå 2024. Eigarskapet er på 0,08 %.[1] Oljefondet hadde ingen aksjar i SREH mellom 2019 og 2022, men kjøpte seg opp igjen til same verdi som 2018 i 2023/2024.

I 2019 var eigaren av SREH, Zohar Levy, etterforska for innsidehandel. Myndigheitene i Israel uttalte at funna peika i retning av at Levy var involvert.[2] I 2022 blei saka avslutta.[3] Dette kan vere grunnen til svingningene i NBIMs investeringar, men det finst ingen dokumentasjon på dette som eg har funne.[4]

Det er vanskeleg å finne informasjon om “Summit Group” i Israel, som den blir referert som av datterselskapet Summit Properties (USA). Dei har ingen open nettside i Noreg,[5] noko som kan skuldast at den er sperra, slik Paz Energy & Retail gjorde med sine nettsider i 2024.[6] Det kan også bety at koplinga ikkje er sikker, og dermed blir sperra i Noreg (sjå vedlegg).

I følgje Reuters er selskapet primært involvert i å kjøpe og leige ut kontorbyggg og kommersielle lokaler.[7] SREH har sitt hovudkvarter i Israel, men driv også verksemd i Tyskland og USA.[8] Zohar Levy har kontroll over selskapet ifølge årsrapporten (2023) for det amerikanske dotterselskapet Summit Properties Ltd.

Andre kjelder melder at Zohar Levy eig SREH ilag med Clal Insurance Company Ltd.[9] WhoProfits har publisert ein rapport kor det blir dokumentert at Clal forsikrer over 500 prosjekt på okkupert palestinsk territorium, mellom anna i Ariel-bosettinga, Kiryat Arba og Efrat.[10] Clal har også bidrege til prosjekt for Israel Defence Forces.[11] Sjå også rapport av Håvard Brede Aven.

I 2022 kjøpte SREH 7% av aksjene i Paz Energy and Retail, som i 2024 blei ekskludert frå SPU på grunn av folkerettsstridig aktivitet på okkupert palestinsk territorium.[12] Den israelske finansnettstaden Global foreslo då at dette kunne peike mot at SREH ønskte å oppnå kontroll over selskapet.[13] I 2024 kjøpte Summit ytterlegare 9% av aksjene, og eig 16% av ekskluderte Paz.[14] I følgje nettsida “Simply Wall Street” var SREH største eigar av Paz i februar 2025.[15]

I følgje Global selde Summit sine aksjar i Paz 24. juli 2025, til “Clal Insurance, More Investment House, and Altshuler Shaham, with Menora Mivtachim, Harel, Meitav and Lapidot buying smaller stakes.”[16] Salet var “one of the largest deals on the Tel Aviv Stock Exchange in recent times.”, og førte til at Summits verdi gjekk opp 10% på Tel Aviv-børsen.

På grunnlag av nylege store oppkjøp av Paz Retail & Energy og samarbeid med Clal Insurance som bidreg til okkupasjon og folkerettsstridig krigføring, meiner Historikere for Palestina at det er ein høg risiko for at Summit Real Estate Holdings Ltd bidreg til okkupasjon, grove menneskerettsbrot og krenking av individ sine rettar i krig og konflikt.

Vedlegg

Skjermdump av nettsida smt.co.il frå Wayback Machine (2019).

[UNABLE TO LOCATE EMBED]

Fotnoter


  1. [Summit Real Estate Holdings Ltd. (2018, 25. februar). Norges Bank Investment Management]https://www.nbim.no/en/investments/all-investments/#/2025/investments/equities/2596/Summit%20Real%20Estate%20Holdings%20Ltd ↩︎

  2. Spate of securities fraud probes hits Israeli listed companies. (2019, 21. februar). Globes. ↩︎

  3. https://www.summit-properties.com/ ↩︎

  4. Observation and exclusion of companies. (2019, 18. mars). Norges Bank Investment Management. ↩︎

  5. https://www.smt.co.il/ ; sjå vedlegg. ↩︎

  6. Paz Retail and Energy Ltd. (2025, 11. mai).Etikkrådet. ↩︎

  7. SMT.TA. (u.å.). Hentet 16. juni 2025. ↩︎

  8. https://www.summit-properties.com/downloads/2024-04-15_SPL_FS_2023.pdf ↩︎

  9. Summit Real Estate Holdings. (u.å.). Hentet 16. juni 2025. ↩︎

  10. The Israeli Occupation Industry - Insuring Dispossession. (2022). Who Profits - The Israeli Occupation Industry - Insuring Dispossession. ↩︎

  11. Clal Insurance Enterprises Holdings Ltd | AFSC Investigate*. (2022) ↩︎

  12. Paz Retail and Energy Ltd. (2025, 11. mai).Etikkrådet. ↩︎

  13. Summit builds 7% stake in Paz. (2022, 1. september). Globes. ↩︎

  14. Mon: Banks strong, Paz surges. (2024, 20. mai). Globes. ↩︎

  15. Simply Wall St. (2025, 28. februar). Institutional owners may ignore Paz Retail And Energy Ltd.’s (TLV:PAZ) recent ₪186m market cap decline as longer-term profits stay in the green. ↩︎

  16. https://en.globes.co.il/en/article-zohar-levys-summit-sells-16-paz-stake-1001517015 ↩︎