Priortech Ltd
Publisert av Narve FulsåsVi har ikkje funne dokumentasjon på at selskapet er knytt til grove eller systematiske krenkingar av menneskerettane og/eller alvorlege krenkingar av individ sine rettar i krig og konfliktsituasjonar, utover at selskapet bidreg til den israelske økonomien og ikkje har tatt avstand frå statens grove folkerettsbrot. Selskapet utgjer derfor ein liten risiko for brot på Oljefondets etiske retningslinjer.
Per 11. august 2025 hadde NBIM solgt seg ut av Priortech, ettersom selskapet var utanfor fondets referanseindeks.
Selskapet leverer løysingar for den globale halvledarindustrien (som automatiserte optiske inspeksjonssystem) gjennom to selskap, Camtek og Access, og har nesten heile den israelske elektronikkindustrien på kundelista. Produserer i Israel og Tyskland, og har hovudkvarter i Migdal Ha’emek.[1]