Tower Semiconductor Ltd
Selskapet er registrert som “Technology” av NBIM. Per 31.12.2024 var investeringa sin verdi NOK 246 453 818.[1]
Selskapet lagar analoge “semiconductors”, halvledarar,[2] og har anlegg i Israel, USA, Japan og Italia. Det blei etablert i Migdal Haemek i 1993 og er slik sett bokstavleg talt grunnlagt på Nakba; Migdal HaEmek er bygd på landområdet til den avfolka arabiske landsbyen Al-Mujaydil.[3]
Selskapet leverer både til forbrukarmarknaden og forsvarindustrien, og er vel nokså sikkert involvert i israelsk militærindustri. Det er det vanskeleg å dokumentere, men det er i alle fall indirekte involvert i okkupasjonen: det blei nyleg tildelt «Supplier Excellence Award» frå Northrop Grumman for å levere militær- og sikkerheitsløysingar.[4] Northrop Grumman var i 2022 verdas tredje største militærindustri og forsyner Israel med ei rekkje våpen. Det leverer missilsystem og selskapets teknologiar er integrerte i Israels jagarfly og krigsskip. AFSC Investigate har ei lang liste over kva slags israelske våpen det er tale om og har Northrop Grumman klassifisert som «Recommended for Divestment».[5] Men Investigate har ikkje Tower Semiconductor på lista, det har heller ikkje Who Profits.